nyheitsarkiv

program  2007- 2011

valliste  2007

lokallaget


PROGRAM  2007 - 2011

 

 

EI ANNA VERD ER MOGLEG                                               <tilbake til toppen>

Raudt er eit revolusjonært parti, det vil seia at me har ei målsetting om å avskaffe det kapitalistiske systemet, i Noreg og i resten av verda. Dagens Noreg er på mange måtar beskytta frå dei mest øydeleggande sidene ved kapitalismen. Det skuldast dels den enorme oljerikdomen vår, men det skuldast og eit velferdssystem som er bygd opp gjennom over hundre år med arbeidarkamp.

I den norske velferdsstaten finnst det mange kimar til eit sosialistisk og meir rettvist samfunn. Den offentlege helsetenesta, folkebiblioteka og arbeidsmiljølova er tre av mange dømer. Men typisk for den tida vi lever i no er at alle desse godane er under konstante åtak. Pensjonsordningane vert uthula og dei offentlege tilboda blir privatiserte eller konkurranseutsette, berre for å nemne noko.

Stadig meir av samfunnstyringa går ut av folkevald kontroll, og raseringa av velferdsstaten ser ut til å halde fram uansett kva farge politikarane kler seg i. Raudt ser ikkje at eit system bygd på kapitalistane sine interesser kan bli demokratisk i ein verkeleg forstand. Likevel er det viktig å vere med i dei små og store kampane for å auke demokratiet og for å forsvare og betre velferdsstaten vår. Samstundes vil Raudt syne at ei heilt anna verd er mogleg og naudsynt.

Raudt Kvam vil arbeide i og utanfor heradsstyret

Om ein skal stansa den komande klimakatastrofen, må folk ta makta tilbake frå kapitalen, lokalt so vel som globalt. Folk flest kjenner ansvar for dei komande generasjonane, men kapitalistane tenkjer berre ut frå kortsiktig profitt. Ei avgjerande utfordring i Kvam og resten av verda vil vera at fagrørsla og miljørørsla finn saman, og ser at dei har ein felles motstandar og mange felles utfordringar og målsettingar. So lenge profitten er målet, vil maksimal utbytting av menneske og naturressursar alltid vere middelet. På maktspråket heiter dette middelet fri konkurranse.

Raudt meinar at Noreg må kutta sine eigne utslepp radikalt og omgåande, samstundes må olje- og gassutvinninga trappast raskt ned. Den enorme rikdomen i Noreg byggjer på eksport av klimautslepp, derfor er det Noreg si plikt å gå føre med klimakutt. Spekulasjon på den internasjonale klimakvote-børsen er ikkje eit alternativ, men ei lettvint form for avlat. Medan regjeringa prøvar å snakka seg vekk frå ansvaret sitt, må Kvam herad ta saka i eigne hender og sette i gang eit lokalt program for klimakutt.

Raudt Kvam vil arbeide i og utanfor heradsstyret

 

INDUSTRI- OG NÆRINGSPOLITIKK                                <tilbake til toppen>

Raudt Kvam vil stille krav til kapitalistane som har tent seg styrtrike på arbeidarane og ressursane i Kvam, og ikkje logre for dei, slik eit samla heradsstyre har gjort gjennom den siste perioden. Saman med fagforeiningane, skal heradsstyret først og fremst representere det fleirtalet som skapar verdiane våre og ikkje dei som stikk av med profitten.

Utflagginga av Elkem Bjølvefossen er eit tragisk utslag av kapitalistisk profittjag og politisk handlingslamming. At ein framtidsretta og miljøvenleg industri, som går med eit dundrande overskot sjølv om ein må betala det dobbelte av produksjonsprisen frå kraftverket som ligg vegg i vegg, likevel må flagge ut, er uforståeleg for vanlege folk. Logikken bak utflagginga er utvikla av og for folk som aldri i sitt liv har utført eit ærleg dagsverk. Dessverre har ikkje heradsstyret eller fagforeiningane ved Bjølvefossen utfordra denne logikken.

Kvam treng fleire arbeidsplassar, og Raudt vil gje si fulle støtte til ei lokal utbygging av Fjellstrand A/S. Men dette inneber ikkje at alle andre omsyn kan settast tilsides. Konklusjonen om at utbygging på Hansvågen, noko som medfører ei rasering av kultur- og naturlandskapet på Neshalvøya, er det einaste alternativet, er mildt sagt dårleg underbygd. Landskapet i Hardanger har ein uvurderleg verdi som er vanskeleg å rekne i kroner og arbeidsplassar, noko som også kampen mot kraftline i luftspenn illustrerar.

Opplysninga 1881 er den viktigaste ikkje-kommunale kvinnearbeidsplassen i Kvam. Om Kvam skal snu utflyttingstrenden, trengs nytenking og nysatsing, men samstundes må me verna om det som allereie finns: Snikprivatiseringa av Opplysningen 1881 er eit brot med regjeringa sin programfesta intensjon om meir aktivt statleg eigarskap. Første konsekvens er reforhandling av pensjonsavtalar, kva som kjem seinare er uvisst.

Raudt Kvam vil arbeide i og utanfor heradsstyret

 

HERADET SOM ARBEIDSKJØPAR                                   <tilbake til toppen>

Heradet er den største og viktigaste arbeidsplassen i Kvam. I pleie- og omsorgssektoren finn ein det fysisk tyngste arbeidet i samfunnet vårt, og når bemanninga i tillegg er for lav til å yte fullverdige tenester, fører dette og til psykiske påkjenningar for dei tilsette. Arbeidet i denne sektoren er i hovudsak utført av kvinner, og stillingane er, typisk nok, svært lågt løna. Viss Kvam Herad skal halde på slitarane og bli attraktiv for nye generasjonar av arbeidstakarar, må desse forholda betrast, og den utbreidde bruken av deltid må stoppast.

Raudt Kvam vil arbeide i og utanfor heradsstyret

 

SKULE OG BARNEHAGE                                                      <tilbake til toppen>

Raudt går mot all former for tvangssentralisering av skule- og barnehagetilbodet. Nærleik til bustad eller arbeidsplass er avgjerande for eit reelt barnehagetilbod. Når det gjeld skulen, skal trinna ha svært få elevar før ei sentralisering gjev pedagogisk gevinst. Hovudmangelen i det norske skuletilbodet er for få vaksne per elev, og ei skule-sentralisering i Kvam vil auka heller enn minske dette problemet. På dette grunnlaget går Raudt Kvam mot ”Kvammaskulen”.

Raudt Kvam vil arbeide i og utanfor heradsstyret

 

HELSE, PLEIE OG OMSORG                                                                              <tilbake til toppen>

Tilhøva for dei tilsette og tilbodet til dei pleietrengande er to sider av same sak. Det viktigaste grepet for å betre helse- og pleietilbodet er å auke grunnbemanninga og dermed gje meir rom til personleg oppfølging.  ”Callgirl”-prinsippet, der turnusordningane er avhengige av små og fleksible deltidsstillingar for å gå opp, må avviklast.

Raudt Kvam vil arbeide i og utanfor heradsstyret

 

NATUR- OG MILJØVERN                                                                                        <tilbake til toppen>

Klimatrusselen har endeleg kome på den politiske dagsordenen. (Raudt sin politikk på dette området er handsama tidlegare i programmet.) Likevel må plikta vår til å ta vare på alle sider av naturen ikkje komme i bakgrunnen. Naturen har ein verdi i seg sjølv, og Hardangerkommunane har eit stort ansvar i denne samanhengen.

Raudt Kvam vil arbeide i og utanfor heradsstyret

 

 

SAMFERDSEL                                                                                                                           <tilbake til toppen>

All samferdselspolitikk må sjåast i samband med klimautfordingane. Ei satsing på kollektivtilbodet kan minske privatbilismen monarleg, men framleis vil dei fleste kvemmingar vera avhengige av ein viss bruk av privatbilar. Raudt ser det som eit statleg ansvar å sørgje for god standard på naudsynte vegstrekningar, bompengar skal ikkje brukast der det finns andre alternativ.

Raudt Kvam vil arbeide i og utanfor heradsstyret

LANDBRUK                                                                                                                                  <tilbake til toppen>

Å legge til rette for at mest muleg av matproduksjonen skal skje lokalt er ei svært viktig miljøpolitisk utfordring. Stordelar av mattransporten, som går mellom og på tvers av kontinenta, er fullstendig meiningslaus og bidreg kraftig til klimautsleppa. Satsing på lokalt landbruk er i seg sjølv miljøvenleg, i tillegg tek det vare på kulturlandskapet og det regionale særpreget. Raudt vil arbeida for å stoppe avviklinga av landbruket og leggja meir til rette for økologisk drift. Matproduksjon er ei livsviktig næring, og sal og utleige av eigedom bør ikkje vera det som skal sikre bøndene våre inntekter.

Raudt Kvam vil arbeide i og utanfor heradsstyret

 

KULTUR, IDRETT OG INKLUDERING                              <tilbake til toppen>

Spørsmålet om inkludering omfattar langt fleire felt enn kulturen og idretten, men om Kvam tek mål av seg til å bli ein kulturkommune, er det ein føresetnad at og kulturlivet inkluderer alle grupper og samfunnslag. 

Inkludering av minoritetsgruppene våre er ei stor utfordring for Kvam herad. Raudt krev at både næringslivet og det offentlege må ta grep for å styrkja rettane til innvandrarane og flyktningane i Kvam. Raudt vil dessutan  arbeide for å opprette kulturelle møtestadar der ”etniske kvemmingar”, innvandrarar og andre innflyttarar kan møtast for kulturell utveksling. Det er særleg vanskeleg å vere ”annleis” i små samfunn, og Kvam herad må gjere konkrete tiltak for å inkludere etniske minoritetar og homofile, og medverke til å rive ned fordommane mot desse gruppene.

Idretten skal vera for alle. Det offentlege har eit stort ansvar for å motverke og skape alternativ til elite-tenkinga og kommersialiseringa av idretten. I dag fungerar breidde-idretten som det viktigaste bolverket mot rus og kriminalitet blant ungdom. Det aukande elite-fokuset medverkar derimot til at eit fleirtal av ungdommen dett utanfor akkurat når han går inn i den mest påverkelege alderen. Kvam må satse på eit idrettstilbod der deltaking er viktigare enn prestasjon. Samstundes er det svært viktig å tilby kulturelle alternativ til all den ungdommen som ikkje vert fanga opp av verken fotball eller korpsmusikk.

Kunst- og kulturlivet i Kvam må ha breidde og variasjon. Raudt ynskjer å få til stønadsordningar som gjer at fleire kan leve av å vere kunstnarar, samstundes må det breie folkelege kulturlivet og bli stimulert. Den aukande kommersialiseringa av feltet må motarbeidast. Raudt legg særlig vekt på å støtte tiltak som stimulerar og får fram arbeidarkulturen vår, dessutan må Kvam gje særleg merksemd til ulike former for innvandrar-, ungdoms- og kvinnekultur.

Raudt  Kvam vil arbeide i og utanfor heradstyret

 

INTERNASJONAL POLITIKK                                             <tilbake til toppen>

Lokaldemokratiet har lite påverknadskraft på internasjonal politikk, men dette skuldast ein systemfeil og ikkje fornuft. Stortingspolitikarane representerer ikkje fleirtalet sitt syn verken når det gjeld EU-spørsmålet eller krigen mot Afghanistan. Heradsstyret har ei plikt til å ta føre seg internasjonale avtalar som påverkar lokalsamfunnet. EØS-avtalen og eit EU-lojalt storting har gjort mykje for å øydelegge Ålvik. Me er usamde med dei som meiner heradstyret ikkje har noko med kva som skjeru tanfor heradet. Me vil arbeida for eit heradstyre som bryr seg om folk i heile verda og som viser solidaritet og gjev støtte til forfulgte og undertrykte.

Raudt Kvam vil arbeide i og utanfor heradsstyret